Helene Maristuen, nestleiar i Aurland og Lærdal Reiselivslag, kjem til Aurland for å fortelje om draumen sin om meir liv og røre i bygdene våre. Vi avsluttar kvelden med sosialt samvær med eit glas vin og ein matbit.
Nettverkskvelden vert arrangert anna kvar månad i vinterhalvåret, og skal vera ein møteplass for kvinner i Aurland, Lærdal og nabokommunar. Vi vekslar mellom å vera i Aurland og Lærdal. Les artiklar i Porten om dei siste samlingane her (okt 09) og her (apr 09). Fleire bildar fins her. Et intervju i Porten med Helene Maristuen fins her.
Gratis deltaking. Alle er velkomne!
| Dato | torsdag 10. desember 2009 |
| Tid | kl 19:30 |
| Stad | Trudvang Kino, Aurland |
| Påmelding | innan torsdag 3. desember |
Vi arrangerer busstransport frå Lærdal til Aurland. Eigenandel 100 Nkr. Vi oppfordrar deltakarar frå andre bygder til å køyra saman.
Påmelding og nærmare opplysningar hjå Caroline Houtman, tlf 47677790, e-post info@oransje.com









