Ein grønare kvardag – frå bedrift til det private
Fretheim Hotel er ei miljøsertifisert bedrift. Kva betyr dette konkret i bedrifta? Kva konsekvensar får det i den private kvardagen? Mette Bakketun og Anne Kristin Aas fortel. Deretter idéutveksling der vi ser på eigen kvardag, arbeidsplass og kommune. Kva går bra og kva kan betrast? Vi avsluttar kvelden med sosialt samvær med eit glas vin og ein matbit.
| Dato | onsdag 21. april 2010 |
| Tid | kl 19:30 |
| Stad | Fretheim Hotel, Flåm |
| Påmelding | innan onsdag 14. april |
Gratis deltaking, inklusiv eitt glas vin og ein matbit. Velkommen!
Nettverkskvelden vert arrangert anna kvar månad i vinterhalvåret, og skal vera ein møteplass for kvinner i Aurland, Lærdal og nabokommunar. Vi vekslar mellom å vera i Aurland og Lærdal. Denne kvelden vert arrangert i samarbeid med prosjektet for bærekraftig reiselivsutvikling.
Påmelding og nærmare opplysningar hjå Caroline Houtman, tlf 47677790, e-post info@oransje.com









