Korleis bli synleg i informasjonsoverfloden på internett? Frukostmøte 7. sept 2010

22. juni 2010  |  Kurs & Seminar, Nettverk

Lær meir om sosiale medier

Det er mange titals milliardar sider med informasjon tilgjengelege på internett. Dessutan er halve Noreg på t.d. Facebook, og lagar millionar med små informasjons-snuttar dagleg. Korleis kan din bodskap nå fram i denne informasjonsoverfloden, korleis kan du styre dine potensielle kundar inn til dine nettsider, og korleis får du dei til å kjøpe det du har å tilby?

Desse spørsmåla vil Arild Nybø prøve å gje svar på. Nybø (42) kjem frå Voss, bur i Førde, og har arbeidd med internett sidan 1994. Han har som journalist og redaktør hatt ansvar for fylkets største nettstader hos NRK Sogn og Fjordane og Firda, motteke nasjonal pris for landets beste lokale nyheitsnettstad, og har vore informasjonssjef i Helse Førde. Siste halvanna året har han drive sitt eige firma Mediebruket, og gjev råd om nettsider og sosiale medier til bedrifter og organisasjonar, i tillegg til at han driv ein handfull nettstader på vegne av kundar.

Datotysdag 7. september 2010
Tidkl 7:30 - ca kl 10:00
StadFlåmsbrygga Hotell, Flåm
Pris250 Nkr, som dekker foredragsholder
Påmeldingklikk her

I løpet av frukostseminaret tek han føre seg følgjande emne innan kommunikasjon på internett:

  • Korleis gjere enkle grep for å utforme og drive nettsidene slik at dei blir mest moglege synlege, t.d. gjennom Google.
  • Korleis bruke gratis sosiale medier for å selje, drive branding og skaffe kundar.

[ hana-code-insert ] 'antall-pameldingar' is not found




Comments are closed.